I januar 2003 opna me vårt fyrste skitrekk. På den tida stod dei lokale damene for heimelaga mat i brakkeriggen like ved parkeringsplassen. Skiutleiga fann ein vegg i vegg, og skiskulen på benken utanfor. Det fyrste året var miljøet så lite at dei fleste var på fornamn med kvarandre – både tilsette og gjester.
Då dagleg leiar Nils Akselberg oppsummerte sesongen for dei ni tilsette la han fram storstilte planar for den vidare utviklinga. Med ein heilskapleg plan i botn var strategien å bygga stein på stein og presentera noko nytt kvart einaste år.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique. Duis cursus, mi quis viverra ornare, – Line Syre
Dei store milepælane har sidan den gong vore Myrkdalstovo (2006), Kari Traa-trekket (2007), Myrkdalsekspressen (2008), Myrkdalen Hotel (2012) og Storhaugekspressen (2014). I takt med dette har ein bygd ut om lag 440 hytter og leiligheiter for dei som ynskjer sitt eige krypinn. Det har vore over 10 år med rivande utvikling!
Samarbeid og mange timar med god, gamaldags dugnadsånd har vore sentralt i utviklinga. Både mellom oss som jobbar her, dei fastbuande og etter kvart dei mange eigarane av hytter og leilegheiter.
Framtidsplanane er mange for Myrkdalen Fjellandsby. Me er stolte av å kunne seie at me er ein destinasjon i stadig utvikling og ekspansjon.
I dag er Myrkdalen Fjellandsby AS eigd av Schage Eigedom, Grendal Holding og Aurland Ressursutvikling.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique.
Lorem ipsum dolor sit amet, consectetur adipiscing elit. Suspendisse varius enim in eros elementum tristique.